Roald Solheim frå Ålfoten har skreve dette innlegget:

Stopp hjortekalvskytinga!

Det jaktlaget som eg tilhøyrar, er i 2016 pålagd å skyte 13 småkalvar av ein kvote på om lag 30 dyr. I heile kommunen skal det skytast 264 kalvar av 786 dyr. På landsbasis er det tale om tusenvis av vakre og vevre små skapningar som skal drepast. Det er direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, og miljøminister Vidar Helgesen som sit med toppansvaret for dette. Dei er neppe klar over at dei samstundes svekker kvaliteten på korpset som driv med forsvarleg hjortejakt. Kva slag menneske er det som har glede av å skyte nyfødde skapningar frå mora? Kalveskytinga er forkasteleg av fleire grunnar:

1. Kalvejakta er for mange jegerar ei psykisk belastning. Det er berre trist å skyte ein få månader gammal hjortekalv som fredeleg og tillitsfull kjem gåande saman med mor si. Du får ikkje kjensle av at dette er ein stor sportsleg prestasjon når barnet ligg blodig og sundskote att i lyngen medan mora – fortvila og i vill panikk, rømmer over stokk og stein inn i ville skogen. Dette er ei så negativ oppleving at mange reflekterte jegerar vil vurdere å kutte ut heile hjortejakta. Kven blir så att?

2. Somme samanliknar sommarkalvskytinga med lammeslakting. Det er den første beitesesongen både sau og hjort legg mest på seg. Dette er å samanlikne noko som ikkje kan samanliknast. Ein sauebonde eller ein hjortefarmeigar kan avlive smådyra på kloss hald utan å skade kjøtet. Dette er utilrådeleg å prøve på jakt. Dersom du skyt ein sommarkalv forskriftsmessig gjennom bogen med blyspiss 308, øydelegg du ein svært stor del av slaktet. Dette er uendeleg sløsing med mat i ei verd som svelt.

3. Under hjortejakt i skogen, før udåden har funne stad, er det uråd å sjå kva kjønn sommarkalven har. Det er heller ikkje lett å vite om ein sommarkalv er kvalitetsdyr eller skrapdyr. Storleiken kan seie noko om når på sommaren kalven kom til verda, men det er også det heile. Let vi derimot kalven leve til neste haust, har naturen og vinteren plukka bort dei svakaste. Hanndyra har fått små pikar på hovudet, og hodyra ikkje. Uttaking av ungdyr bør skje utelukkande andre hausten, og ikkje i stor utstrekning første hausten som no.

4. Morsinstinktet er vakkert og sterkt, og ein viktig føresetnad for utviklinga av ein sunn hjortestamme. Dersom vi held fram med å skyte sommarkalvane frå mødrene over lang tid, veit vi ikkje om dette vil påverke morsinstinktet. Vi vil sjå moglege skadeverknader først etter mange år, og då kan det vere for seint. Då har vi skada heile hjortestammen. Mange rosar oppdrettsnæringa av laks. Næringa tener pengar! Men samstundes er denne pengeinnsamlinga eit trugsmål mot vill-laksestammen. Å tukle med naturen er aldri klokt.

5. Kroppen til mora vil halde fram med å produsere mjølk også etter at barnet så brått vart rive bort frå henne. Mjølka vil samle seg i juret, og gje morsdyret mjølkespreng. Det er ei kjent sak frå sauehald at om det ammande lammet døyr, aukar sjansane for mastitt (jurbetennelse) hjå mora. Det er rimeleg å rekne med at det same gjeld for ville hjortedyr. Kalveskytinga påfører med andre ord mora stor fysisk liding. Den oppsamla mjølka vil etter kvart surne i juret. Talet på bakteriar i juret vil auke dramatisk, og risikoen for infeksjon blir stor. Ein infeksjon i mjølkeorgana kan skade både jur og spenar. Simla/kolla kan likevel bli befrukta seinare, og den nye kalven blir fødd når tida er inne. Konsekvensen av kalveskytinga kan bli at simla/kolla med skada mjølkeorgan får problem med å levere den mjølka den nye kalven treng for å få ein god start på livet. Kalven kan døy etter kort tid, eller leve og bli eit skrapdyr. Kalveskyting i stort omfang som no, er tukling med naturen. Det er dans på slak line utan nett under. Eg vil rå til ein aksjon der jegerar som er opptekne av helsa til morsdyra og kalvane kommande år, bør gå inn på nettet og skaffe seg telefonnummer til miljøministeren og til direktøren for miljødirektoratet. Så kan jegeren fotografere den døde kalven før og etter at huda er flådd av. Bileta kan sendast til dei to toppane. Kanskje dei då får augo opp for kva dei stilleteiande legg til rette for?