Bremanger kommune har fått eit par tilbakemeldingar på at det kan vere vanskeleg å stige av og på hurtigbåten ved nye Leirgulen kai.

– Utfordringane er ved stor fjøre når det blir stor høgdeforskjell frå båt til kai. Enkelte båtar har ikkje hydraulisk landgang slik at dei kan kompensere for høgdeforskjell, seier driftssjef Gunnar Ytrehus ved teknisk drift i Bremanger kommune.

Han fortel at ein no arbeider med forskjellige løysingar for å redusere denne utfordringa og gjere av- og påstiging meir behageleg for reisande.

– Dette arbeidet går føre seg saman med reiarlaget, seier Ytrehus, som ikkje kan seie eksakt når dei vil ha ei fungerande løysing på plass.

– Det er ikkje muleg å seie no kva tid dette vil ta, men vi arbeider med det til vi har løysinga, forsikrar Ytrehus.Den nye kaia i Leirgulen blei offisielt opna i slutten av februar i år etter at ein hadde testa ut ei løysing med flytekai i ein periode.

Vurderinga var at betongkai ville fungere betre.

– Den nye kaia er bygd etter dagens og framtidas krav, og etter ønske og innspel frå fartøy som nyttar kaia i dag, seier fagleiar hamn Monica Sande.