UNU AS er i gang med nye planar for «Englundbygget» på Nordfjordeid. Men dei satsar framleis på leilegheiter.

– Ingenting er bestemt, men vi håper det kan vere ein marknad for eit leilegheitsbygg til på Nordfjordeid, seier dagleg leiar Arve Idar Utnes.

Måløy-firmaet hadde i fjor store vyar og ville satse på eit topp moderne leilegheitskompleks i det tidlegare «Englundbygget».

Etter kvart hadde ikkje UNU lenger tru på prosjektet og trekte seg. Sidan det har bygget stått der som ein synleg skamplett sentralt ved Lotevegen.

Næraste nabo har også kravd at bygget skulle rivast, og meinte det stod som ein ruin som var fare for liv og helse.

– Vi er i dialog med næraste nabo, og han veit kva planar vi har. Det tar berre litt tid, påpeikar Utnes.

Enklare

No er bygget teikna om og UNU er i gang med nye planar.

– Vi tenkjer fortsatt eit leilegheitsbygg, men litt enklare enn vi først planla. Vi hadde lagt opp til høg standard, men fekk ikkje seld nok til å sette i gang prosjektet. No ser vi på litt rimelegare løysingar, og ventar på kalkylane til dette om 14 dagar. Så treng vi litt tid til å bestemme oss for om vi skal satse på dette nye prosjektet. Om ein månad vil vi vite om vi satsar eller ikkje. Førebels er det umuleg å seie om dette blir noko av, men vi ser for oss elleve leilegheiter over tre etasjar – for å utnytte heile bygget, fortel han.

Må vere sikre

Utnes viser til at det har sett slik ut at det er marknad for leilegheiter på Nordfjordeid, men at marknaden kanskje begynner å bli metta.

– Skal vi satse, må vi vere sikre på at vi får seld leilegheiter, seier han.

Det har i lengre tid vore dialog mellom Eid kommune, eigarane av bygget og UNU AS. Eid kommune har uttrykt at dei ikkje ønskjer at «Englundbygget» blir ståande over lenger tid slik det framstår i dag.

Plan- og utviklingssjef Kristine Dahl har også i e-postar til eigarane etterlyst framdrift i saka og om dei vil rive bygget.

Eid kommune må også vurdere om bygget slik det står i dag er i strid med plan- og bygningslova, og om dette gir grunnlag for pålegg om riving.