Konseptet er enkelt, du kan få alt i ein fjord – Nordfjord. Arne Hjeltnes, som har arbeidd med den nye profilen, la den fram for dei frammøtte i Operahuset Nordfjord torsdag kveld.

- Ein må dyrke det at ein kan nå det alt frå det villaste havet til dei høgste toppane og dei mektigaste breane, sa Hjeltnes i presentasjonen.

Dagleg leiar i Visit Nordfjord, Marita Lindvik, opna lanseringa og Sverre Søraa i Coast Seafood AS snakka om betydninga av å stå samla. Eidaren Alexander Pavelich, som er frontfigur i bandet Lovespeake, underheldt. Det er låta DNA frå bandet til Pavelich ein høyrer i den nye promovideoen.

Eid barne- og ungdomskor framførte Nordfjordsongen.