Bebuarane i Hola sør på Nordfjordeid, som Fjordenes Tidende tidlegare har omtalt, er ikkje tilfreds med kommentarar og vurderingane som kjem fram i Seawalk Nordfjord AS sin søknad om rammeløyve.

Rita Nyland, Ernst Husevåg og Rune Husevåg seier at dei fryktar for heimane sine om ein set i gong omfattande arbeid i området.

– Det finst ikkje dokumentasjon for gjeldande område. For oss som bur her er det ikkje godt nok at fagfolk «reknar med». Ein må vite, og ein må dokumentere, skriv bebuarane i eit skriv til plan- og utviklingssjef Kristine Dahl i Eid kommune, og held fram:

– Nye setningsskadar melder stadig sin framkomst, og målingar går føre seg i regi av Eid kommune.