To bilar kolliderte  på Fv 662 på Hundeide i Eid laurdag føremiddag, opplyser Vest poltidistrikt.

Ein av personane som var involvert i ulukka vart undersøkt av helsepersonell, og køyrt til legevakta for kontroll.

Vegen var stengt i ein periode, men er no open for fri ferdsel.

Politiet veit ikkje årsaka til ulukka.