Rune Sunde i Dvergsdal & Sunde fortalde på eit folkemøtet på Kolset oppvekst måndag at ingen har vist interesse for ein prosjektert tomannsbustad i Rugsund.

– Det er sjeldan vi har opplevd eit prosjekt med null interesse. Det er litt overraskande sidan det er signalisert at mange leitar etter bustad i dette området, uttalte Sunde på møtet.

Det er snakk om ein prosjektert tomannsbustad på Hessevågbakke til 2.250.000 kroner.

– Er det kanskje for usentralt? Det kan tenkjast at det er lettare i eit bustadfelt i Leirgulen, spurte Sunde.

– Då må i tilfelle nokon investere. Vi kan ikkje byggje først og selje etterpå. Finst det interesse? Eller er det slik at i mange bygder trur ein det er interesse berre ein har det og det, men så viser det seg til slutt at folk heller flyttar til Måløy eller Eid. Men vi vil gjerne hjelpe berre nokon ynskjer å busette seg her. Og vi er villige til å sjå på ulike løysingar, sa Sunde.