Mange minne, ei søster på andre sida av jorda og kofferten full av te er noko av det Oline Birgitte Nave sit igjen med etter ei seks veker lang utveksling til Taiwan.

I høgfjellet i Taiwan blir det dyrka te som folk kjem langvegs for å kjøpe. I sommar fekk Oline Birgitte Nave vere med på haustinga av den eksklusive handplukka teen.

– 80 prosent av befolkninga lever av te og ulike delar av teproduksjon. Alle skuleelevane har to timar i veka der dei blir lært opp i te, fortel 20-åringen, som sit igjen med mange inntrykk etter besøket på øya i Østkinahavet.

Fem familiar på seks veker

Gjennom International 4H Youth Exchange (IFYE), ei kulturell utveksling for 4H-arar, reiste bryggjaværingen rundt i Taiwan i seks veker.

– Det er eit veldig spennande land, og ei fin moglegheit til å lære om kulturen og eit land som ein kanskje ikkje har høyrt så mykje om før. Det er ein fin måte å reise på, seier ho.

Treningskle på museum

Oline kan berre nokre få kinesiske gloser og språket blei derfor ei utfordring.

– Den første familien eg budde hos dei to første vekene prata ikkje engelsk, fortel ho.

– Det kunne av og til vere litt frustrerande å ikkje ha nokon å prate med som forstod kva eg sa og omvendt, seier ho, og legg til at det likevel gjekk bra.

Oline blei mellom anna godt kjend med mange engelsklærarar, som vertsfamiliane kontakta for å ha som tolk.

– Men ein gong enda eg opp med å gå i treningskle på museum, for det viste seg at det var dagen etter vi skulle på den 22 kilometer lange sykkelturen. Eg skjønte ikkje alltid kva vi skulle den neste dagen, så eg pakka for alle scenario, ler Oline.

Økologisk landbruk

Målet med utvekslinga er å utvikle forståing for andre kulturar, og Oline følgde familiane ho budde hos i det meste.

– Eg gjorde det dei gjorde, åt det som dei åt, og var med i dagleglivet. Lokale 4H-klubbar tok meg med og viste meg rundt og korleis dei driv 4H.Medan ein i 4H i Norge har eit stort spennvidd av aktivitetar, så er 4H i Taiwan opptekne av landbruk og økologisk mat.

– Dei er opptekne av klimaendringar, for dei merkar også klimaendringane veldig godt. Dei har plutseleg fått snø til dømes, forklarar Oline.

Ho har sjølv vore med i 4H sidan ho var ti år, og snakkar varmt om organisasjonserfaringa.– Ein får lære å drive ein organisasjon rett og slett.

Ei søster i Taiwan

Det beste med turen, ifølgje Oline, var folka ho møtte.

– Folk var så utruleg blide og rolege. Dei var veldig kontaktsøkande. Og så var maten fantastisk god. Eg la på meg fleire kilo, smiler Oline.

Måten å uttrykke seg på skil nordmenn frå kinesarar, meiner ho.

– Vi er meir direkte og brukar litt ironi og sarkasme. Det var ikkje alltid at det gjekk heilt heim, fortel ho.

I 2007 hadde Oline og familien på Bryggja besøk av ei jente frå Taiwan som også reiste på IFYE-utveksling. I mai var ho tilbake saman med familien.

– Eg møtte ho igjen no i Taiwan og det er veldig kjekt å føle at ein har ei søster i Taiwan, og ein familie. No ventar dei berre på at eg tek med familien min og kjem tilbake dit, avsluttar Oline.