Vanylven kommune var den einaste kommunen i Møre og Romsdal som fekk stønad til fiberutbygging. Kommunen har vedtak om å bygge ut fiber til alle husstandane.

Selje kommune fekk 2,2 millionar kroner og Eid kommune fekk 900.000 kroner i tildelinga i Sogn og Fjordane.

Strategi- og utviklingsleiar Guttorm Rimstad er ansvarleg for utbygginga og seier ein så snart som råd vil få lyst ut utbygginga på anbod. Det skriv Vanylven kommune på sine heimesider.

Områda det er søkt om er Rovde Syvde, Eidså, Hakallestranda, delar av Sylte og Åheim.

Selje kommune fekk tildelt midlar til å legge fiber på strekninga Lesto-Salt og Årvika-Honningsvåg. Kommunen søkte eigentleg om 2,5 millionar kroner.

– Tildelinga til Eid gjer det mogleg å byggje ut breiband i 2017 i bygdelag og grender vest for Nordfjordeid som enno har lågare netthastigheit enn 4MBit/sekund. Det gjeld Hundvik, Årdal, Tømmerstøl, Lund, Høynes, Ytre Røed, Stårheimsdalen, Øvre Remmedalen og Torheim. - Eg er svært glad for at vi no kan sikre folk og næringsdrivande i desse bygdene eit framtidsretta breibandstilbod, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).