Namn: Camilla Chruickshank Holvik

Alder: 33 år

Sivilstatus: gift, tre born

Bustad: Måløy

Yrke: kunderådgivar i Sparebanken Vest

– Kva er du mest oppteken av?

– Kvalitetstid. I ein hektisk kvardag er det viktig å sette av tid til kjekke aktivitetar med familie, venner og litt eigentid. Dette er noko som gir meg energi.

– Kva gjer du på fritida?

– Då er eg saman med familie, venner og så trener eg litt. På denne årstida vert det ein del turar i fjellet.

– Kven beundrar du?

– Svigermor! Ho er den mest tolmodige og omtenksame personen eg veit om. Verkeleg eit førebilete.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det må vere naturen og alle dei flotte turmoglegheitene. I tillegg er utsikta og havet to favorittar for ei som er oppvaksen i Indre Sogn.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– Skram skule blir totalrenovert!

– Kva ville du ha gjort om du var ordfører for ein dag?

– Det er vel ikkje så mykje ein får gjort på ein dag?!

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Besøk til Urnes Stavkirke som ungdom.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobilen.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Pent.no, dagbladet, fjt og facebook.

– Kva er meininga med livet?

– Å leve i augneblinken og sette pris på dei små tinga. Prøve i alle fall. Det er ikkje alltid like enkelt i ein hektisk kvardag. Meininga må vere å trivast i sitt eige liv uansett kva val ein tek.