Dei siste fire månadane har Eid kommune gjennomført målingar av bevegelsar i grunnen i Hola på Nordfjordeid. Fleire målepunkt har sokke to til tre centimeter.

Grunneigarar og bebuarar i bustadfeltet er overraska og uroa over resultatet.

– To til tre centimeter rørsle på eit hus er veldig alvorleg, seier Ernst Husevåg, som er grunneigar i området.

Eid kommune har etter oppmoding frå geologar utført målingar frå mai til september. Kommunen har plassert ut 20 punkt, og på eitt av punkta, som står på gjerdet mellom tomta til Husevåg og Wenche Noste, viser resultatet at punktet har sokke tre centimeter.

Fjordenes Tidende har tidlegare skrive om at bebuarane var uroa for grunnforholda, fordi dei tydeleg kunne sjå setningsskadar på hus og murar og endringar i vegbana på Kaivegen. Ifølge dei sjølve er dette ei stadfesting av uroa deira.

– Dette er verre enn det målingane viste då dei arbeidde med vegen her. No må kommunen ta grep. Vi har ei gamal avtale som seier at vi ikkje skal ha ulemper med dette, seier Husevåg, og viser til ei avtale mellom grunneigarar og kommunen som vart skrive i 1999.

Rita Nyland har det siste året opplevd at det har dukka opp store sprekkar i muren på huset hennar.

Driftssjef i Eid kommune Tore Nyhammer-Taklo seier målingane er ei stadfesting på at det er bevegelsar i området.

– Vi vil følge dette opp med ekstern bistand og følgjer med vidare. Våre kontaktpersonar på dette er geoteknikarar som var med på arbeidet i området tidlegare, seier driftssjefen, som ikkje vil kommentere avtala som vart skriven i 1999. Han er ikkje uroa for at referansepunktet for målingane står på eit ustabilt punkt.

– Vi har tiltru til dei som utfører dette arbeidet.