Regjeringa går inn for å løyve 1,125 milliardar kroner i låneramme for å oppgradere og modernisere Førde sentralsjukehus. Løyvinga gjeld for perioden 2017–2025. Pengane skal betalast ut i takt med framdrifta i prosjektet.

- Regjeringa legg med dette til rette for at Helse Førde kan gjere nødvendige oppgraderingar av bygningsmassen i Førde. Vi meiner dette vil gje betre drift og tenester til beste for pasientane, seier stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H) i ei pressemelding.

- Dette er fantastiske nyhende for Helse Førde og Sogn og Fjordane, og noko det har vore  jobba både mykje og lenge for. Eg er svært glad for positive signal om lånemidlar slik at vi kan arbeide vidare med å lage ei endå betre og meir pasientnær spesialisthelseteneste for innbyggjarane i Sogn og Fjordane, seier adm. direktør Jon Bolstad.

Løyvinga frå regjeringa tilsvarar 70 prosent av den venta prosjektkostnaden på kring 1,5 milliardar for den omsøkte utbygginga i Førde.

Styret i Helse Førde vedtok ein plan for ut- og ombygging av Førde sentralsjukehus i fjor. Denne blei seinare stadfesta av styret i Helse Vest.

- Så er det ekstra gledeleg at det vil være dei psykisk sjuke som vil oppleve dei største endringane etter at utbyggingsplanane er gjennomført, seier Bolstad.