Eid kommune får stå aleine i Fylkesmannen si tilråding, noko som er skuffande for ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

– Eg konstaterer at Fylkesmannen ikkje har lag vekt på det vi har sagt frå Eid si side om viktigheita av større kommunar. Vi har eit tydeleg ja hos folket, og vi har sagt at viss vi ikkje får til kommunesamanslåing, vil det få negative følger for tenestetilbodet vårt, seier ordføraren, og legg til:

Bjørlo meiner samstundes at det er positivt med samanslåing i ytre Nordfjord.

I tilrådinga frå fylkesmannen vart det peika på at eit naturleg neste steg for Eid er å sjå til Gloppen og Stryn.

– Det er litt avhengig av kva som skjer i ytre, men gitt at det blir samanslåing, kjem vi til å følge oppmodinga frå Fylkesmannen veldig raskt, og umiddelbart invitere til samtalar med Gloppen og Stryn.