Eit nytt målesystem som NVE no innfører i Førdeelva i Bremanger kan gi mykje raskare og betre varsling til dømes når det gjeld flaum. Men det medfører at elva i periodar vert farga raud.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ein målestasjon som målar og sanntids- overfører data i Førdeelva i Bremanger.

Denne stasjonen dokumenterer representativ kystnedbør og avrenning og er spesielt viktig i flaumsituasjonar.

– For å få god korrelasjon mellom vasstanden og vassføringa treng vi normalt å vere fysisk til stades ved stasjonen for å gjere ei måling, seier ansvarleg felthydrolog på NVE region vest, Ronny Løland.

Rask elv

Men i eit så raskt felt som Førdeelva er det vanskeleg å nå flaumtoppane.

– Vi ønskjer derfor å auke kvaliteten på stasjonen ved å bruke eit automatisert målesystem kalla AutoQ.

Dette systemet utfører automatisk vassføringsmåling på ulike aktuelle vasstandar utan at felthydrologar treng å vere til stades. AutoQ er basert på ein fortynningsmetodikk, der ein nyttar Rhodamin WT som sporstoff.

– Rhodamin WT er eit ufarleg, men kraftig, fargestoff som vert slept ut i elva og deretter avlese av fotosensorar nedstraums ved vassføringsstasjonen, seier Løland.

Elva blir raud

Fargestoffet er så konsentrert at delar av elva vil bli raudfarga i kortare strekk og tidsrom før det vert oppløyst, så folk må ikkje bli forskrekka om dei den nærmaste tida opplever at elva blir raud.

Felthydrologen forsikrar også om at stoffet ikkje er farleg for livet i elva.

– Rhodamin WT er vanleg å bruke i forsking og målingar, og er ikkje skadeleg for vasslevande organismar i desse konsentrasjonane, forklarar Løland.

AutoQ-måleutstyret vil normalt berre stå i denne elva i tre månadar og sleppe ut fargestoffet berre på dei vasstandane og i dei tidsromma NVE treng å få dekka.