Lege, seksbarnsmor og forfattar Berit Nordstrand kjem til både Operahuset Nordfjord og Nordfjordhallen med foredrag om helse.

«Ta vare på deg sjølv – 12 år yngre på 12 dagar» er namnet på foredraget ho skal halde i Nordfjordhallen måndag 24. oktober og i Operahuset tysdag 25. oktober.

Under foredraget får dei frammøtte lære meir om korleis mat, mosjon og det mentale kan spele på lag og gi effektar.

Ifølgje foredragshaldaren sjølv er metoden passande for alle aldrar og livsfaser.

Nordstrand set fokus på at ein kan nyte herleg mat som gir både meir nyting, større overskot og betre fysisk og psykisk helse, utan å bruke meir tid på matlaginga.

Nordstrand har 25 års erfaring som lege, men fokuserer no tida på å vere forfattar og foredragshaldar.