– Røde Kors har betydd mykje for meg, og eg takkar med å vere bøssebærar søndag, seier Jamshed Islami (28).

I 2008 flykta han frå Kabul i Afghanistan til Norge. To år etter kom han til Nordfjordeid, og er no norsk statsborgar.

Jamshed har fast jobb på Extra og stortrivast med gode kollegaer, godt miljø og blide kundar.

Ber bøsse som takk

– Sjølvsagt skal eg vere bøssebærar. Eg gler meg og har lyst å hjelpe. Det er som takk for alle dei som har hjelpt meg her, fortel han.

I 2012 fekk også kona opphald i Norge, og saman har dei tre ungar på åtte og tre år, og minstemann på ni månadar.

– Her blir vi, fastslår han.

Jamshed karakteriserer Eid og heimlandet som to heilt ulike verdenar.

– Eg kom frå ein storby med mykje krig, og det var ikkje sjanse å leve vidare der. Der er krig kvar dag, og eg har mista mange vennar og nær familie der, fortel han.

– Fotball er viktig, og beste måten å treffe kvarandre på. Ein god plass, og så har eg mange vennar å gå på besøk til, seier Jamshed.

Leiar Berge Bjørkedal i Eid Røde Kors er svært opptatt av integrering av flyktningar i lokalsamfunnet og at ein må hjelpe i krigsherja land.

– Røde Kors er av dei som får hjelp heilt fram, sjølv i land der det er krigshandlingar. Folk er overfora med krig gjennom media, men eg ber om at ein likevel ser det vesle barnet som står åleine og treng hjelp. Det er desse vi skal hjelpe, fortel han.

90 prosent av pengane som kjem inn på tv-aksjonen går til arbeid ute, medan 10 prosent går til arbeid i Norge.

– Vi har eit stort apparat mot flyktningar, leksehjelp, språkkafear og kurs. Røde Kors arbeider med integrering.