Torsdag opna Amfi Nordfjord dørene til 6.500 kvadratmeter med nye butikkar. Dette er Bjørn Kåre og Ivar Moen si tredje utbygging på Nordfjordeid, men brørne leikar seg allereie no med tanken om eit mogleg neste prosjekt.

– Vi har ei stor tomt, og mot nord har vi framleis mellom 7.000 og 8.000 kvadratmeter som vi ikkje har bygd ut. Vi får sjå korleis dette utviklar seg, men vi er sikre på at det går bra, og då trur vi også det er andre større kjeder som vil etablere seg her. Eg ser ikkje vekk frå at vi om to til tre år har byrja ei ny utviding mot nord, seier Bjørn Kåre.

Torsdag opna Dressmann, Cubus, Vita, Vitus apotek, Ark, Tilbords og Expert nye butikkar, samstundes som senteret skifta namn til Amfi Nordfjord. 15. september opna Extra-butikken i senteret.

Frå før inneheldt senteret Bunnpris, Kitch'n, Frisørloftet, Sunkost, Nille, Kozmos, Vinmonopolet, B-young, Amine, Walk In, Sport 1, Sjøkanten cafe, Princess og Zavanna.

– 8. desember opnar i tillegg Jysk. Då har det skjedd kolossalt store endringar i handelen på Eid i løpet av hausten, seier brørne Moen, som ser føre seg at Amfi Nordfjord vil ha ein omsetnad på 340 millionar kroner i året.

Moen-familien har lenge vore pådrivarar i handelsutviklinga på Nordfjordeid.

– Bestefaren vår opna landhandel på Nordfjordeid i 1890 der han selde alt frå mjøl til spiker og hattar. Dette fungerte godt og i 1908 flytta han inn i nye lokale kor det var aktivitet fram til 1986-87, då vi bygde Moengården Aust. Så bygde vi Moengården Vest i 2005 og no er vi med på Amfi Nordfjord. Vi trur at vi har samla ein kjøpesenterstorleik som er passeleg for Eid og Nordfjord-regionen no. Vi trur Eid kjem til å utvikle seg godt, og at folk både frå indre og ytre vil bruke Nordfjordeid som eit handelssenter, seier Ivar og Bjørn Kåre, som trur dei vil få til eit godt samspel med butikkane i Eidsgata.

– Vi er veldig positive til gata og vil spele på lag med butikkane der. Amfi Nordfjord kan ikkje halde liv i Eidsgata, men vi vil dra langt meir folk til Eid og vonar då at andre i gata vil følge opp, oppmodar brørne.