– Røde Kors er noko mange har eit forhold til, og målet er å få ny innsamlingsrekord i Vågsøy, fastslår ordførar Kristin Maurstad.

Bøssebærarane står i kø for å gå frå dør til dør rundt om i både Vågsøy, Selje, Bremanger og Vanylven. Mange av bøssebærarane er gjengangarar.

Innsamlingsbeløpet frå TV-aksjonen 2016 skal redde liv og gi omfattande helsehjelp til nokon av dei mest sårbare i verda – sivile ramma av krig og konflikt.

Gjennom tv-aksjonen skal meir enn to millionar menneske i krig og konfliktområde få livsviktig medisin, helsehjelp, reint vatn og mat. Behovet er enormt.