Representantane til Senterpartiet i formannskapet i Eid skjønar ikkje kvar dei skal kutte for å finne dei 8,5 millionar kronene Eid manglar for å få i hop budsjettet.

– Det er ikkje tvil i at det er veldig krevjande. Kombinasjonen av at vi kjem dårleg ut i statsbudsjettet og det nye inntektssystemet, saman med ei sterkt veksande lånegjeld for kommunen sin del gjer det vanskeleg, seier Sigurd Reksnes, som er gruppeleiar for Senterpartiet.

Han sa i formannskapsmøtet i Eid torsdag at han var skuffa over situasjonen.

– Venstre utgjorde saman med Høgre og Framstegspartiet fleirtalet for det nye systemet i Stortinget. Ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V), var med i ei referansegruppe for venstre nasjonalt, og dermed hadde eg håpa at dei utfordringane Eid har peika på tidlegare skulle bli løyst og at vi kunne kome inn på eit betre spor. Men no har det heller blitt slik at dei tinga som var negativt har blitt forsterka, seier Reksnes, og held fram:

– Eid blir definert som ein frivillig liten kommune. Dette minkar inntektene våre med tre millionar kroner i året. Om ein då reknar ein halv million per kommunale stilling, så utgjer det fort seks stillingar, noko som er dramatisk.

– Det er ikkje tvil om at Eid kommune sin økonomi er avgrensa. Eg har sett fleire ting i mitt relativt korte politikarliv som samfunnet bør ta på alvor. Som lærar gjennom 12 år merkar eg at rammene har blitt reduserte ved at elevane har mindre tilgang på helsesøstertenesta i ei tid der den digitale verda er koma og fleire slit med tunge tankar. Eg reagerer på at ein i den augneblinken ikkje har råd til noko, sa Sandal då.

Reksnes oppmodar no politikarane og administrasjonen om å sjå på både inntekts- og utgiftssidene i budsjettet.

– I si tid var vi einige med Venstre om å innføre eigedomsskatt i samband med bygginga av nytt omsorgssenter og fleirbrukshall. Men det er mange andre ting det har blitt lånt opp til. Vi må ha ei runde på om vi skal halde fram å låne mykje pengar. Det er ikkje tvil om at fleirtalet i ein del saker har hatt ein laussleppt pengebruk, seier gruppeleiaren.

Eid kommune taper om lag tre millionar etter endringane i basistilskotet. Per i dag manglar kommunen 8,5 millionar på eit budsjett i balanse.

Rådmann Åslaug Krogsæter meiner kommunen blir behandla annleis enn nabokommunane.

Rådmann Åslaug Krogsæter meiner det er vanskeleg å vite kor Eid skal finne innsparingar.

– Nabokommunane våre i Nordfjord får 4-6 millionar meir i distriktstilskot enn Eid. Eg meiner vi blir behandla hardt når vi samanliknar oss med ganske like kommunar. Vi blir behandla som ein bykommune. Det er rett at vi i hovudsak bur konsentrert og med korte avstandar, men vi har likevel ikkje høve til å ta ut stordriftsfordelar som ein by då vi ikkje har mange innbyggjarar å dele kostnadane på, seier ho.