Eid kommune treng meir areal for opplæringstilbod til nykomne flyktningar og asylsøkjarar. For å få det tilbygget som kommunen og fykeskommunen har peikt på som mest tenleg, eit tilbygg på Eid vidaregåande skule, må kommunen binde seg i ti år.

Fylkesutvalet drøfta saka på eit møte tidlegare denne månaden. Utvalet la som ein føresetnad for det vidare arbeidet med prosjektet at kommunen må binde seg til ein langsiktig avtale på minimum ti år om fylkeskommunen skal realisere eit tilbygg til Eid vidaregåande skule.

Dette skriv bygge- og eigedomssjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, Jan Tore Rosenlund, i eit brev til Eid kommune.

Eid kommune har tidlegare sagt at dei ønskjer ei kortare avtale eller moglegheit til å reforhandle etter fem år grunna at ein ikkje veit kor mange flyktningar og asylsøkjarar som vil kome til Eid i framtida.

Tidlegare skissert leigepris for dei 200 kvadratmeterane ein ønskjer seg er 528.000 kroner i året.

Rosenlund avsluttar brevet med å be om ei tilbakemelding på om dette er akseptable vilkår for ei slik avtale.

– Om de kan gi ei tilbakemelding på dette snarast råd vil vi ev. lage utkast til avtale og starte arbeidet med å få finansiering handsama som ein del av den ordinære økonomiplanprosessen med vedtak i fylkestinget i desember d.å., skriv bygge- og eigedomssjefen.