Innan utgangen av 2018 skal det kome dagsturhytter på Veten i Bremanger, Risnakken i Selje og på Kjeretoppane i Vågsøy.

– Fysisk aktivitet for alle er visjonen i regional plan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Det er denne visjonen som ligg bak ideen om dagsturhyttene, seier Atle Skrede, idémakar og rådgjevar for fysisk aktivitet i fylkeskommunen.

Dagsturhyttene i vårt område skal alle byggast i løpet av 2018.

Slik det ligg an no, vil 29 dagsturhytter vere på plass rundt om i Sogn og Fjordane innan utgangen av 2018.

Skrede gler seg over at alle kommunane no har bestemt seg for å setje opp ei dagsturhytte.

– Dette skal vere noko anna enn ein gapahuk, men heller ikkje ei overnattingshytte. Poenget er at folk skal ha ein stad å gå inn og å søke ly. Hyttene skal gjere det meir attraktivt å vere ute og gå tur. Det skal vere ein plass å byte kle, ete matpakka si og få litt varme i seg, fortel han.

Hyttene skal ikkje ha verken varme, straum eller sanitæranlegg. Dei skal vere 15 kvadratmeter og ha eit minibibliotek til bruk på staden. Det skal innehalde eit knippe nynorske bøker, først og fremst for barn.

På Kjeretoppane i Vågsøy skal det byggast ei 15 kvadratmeter stor dagsturhytte.

Dei første hyttene skal monterast i mai 2017, det er lagt opp til to-tre løft med helikopter og ein dags montering.

Hyttene skal finansierast med spelemidlar, tilskot frå Sparebankstiftinga og momsrefusjon.

Dagsturhytta skal sjå lik ut i alle kommunane og skal teiknast av arkitekt. Fylkeskommunen lyste ut arkitektkonkurransen 19. oktober, og det er sett ned ei arbeidsgruppe til å plukke ut ein vinnar, ifølgje pressemeldinga.

Vinnaren av konkurransen vert klar 24. november.

Over 70 arkitektkontor allereie har meldt si interesse for å delta i konkurransen, dei fleste norske, men også arkitektar frå Danmark og Ungarn har teke kontakt, ifølge Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I kommunane som har bestemt seg skal hyttene ligge her: Nyksvatnet i Askvoll, Gulleplet i Balestrand, Bygdaheia I Fjaler, Hatlesetnipa i Flora, Utsikten i Gloppen, Soleiebotn i Gulen, Siplo i Høyanger, Eggjahaugane i Leikanger, Ytre Eikum i Luster, Loftesnesfjellet i Sogndal og Pollatinden i Solund.