I dagens kommunestyremøte diskuterer politikarane i Bremanger nødvendige budsjettjusteringar for inneverande år, men dei må også sjå på kva eit meirforbruk på 5,8 millionar i 2016, 4.5 millionar mindre i kraftinntekter, ei ugunstig endring i inntektssystemet og Terra-underskotet skapar av problemer for dei neste åras budsjett.

Rådmann Tom Joensen signaliserer i sin økonomirapport 2 for 2016 at både barnehagar, skular og helsesektoren no er i spel. Han trur ikkje det er muleg å halde fram med dagens organisering av tenester i lys av den endra økonomiske situasjonen.

For 2016 budsjetterer Bremanger med eit meirforbruk på 5,8 millioner kroner. Hovudårsakene til meirforbruket er IKT-kostnadar, kostnadar i samband med busetting av flyktningar, naudsynt vedlikehald av bygg og anlegg, samt meirkostnadar til brann og beredskap.

Men etter det står Bremanger likevel igjen med ei formidabel oppgåve - 50 Terra-millionar som skal betalast tilbake i løpet av 2017 og 2018.

Desse spørsmåla er det no Bremanger-politikarane må bruke budsjetthausten på å ta tak i.