Den kommunale vegen på Skårhaug i Eid vert ikkje opna fordi sikringsarbeidet ikkje er utført slik det var kravd.

No må entreprenøren på massetaket på Skårhaug betale tvangsmulkt for manglande etterkoming av pålegg, varslar Eid kommune. Tvangsmulkta er sett til 15.000 kroner som eit eingongsbeløp, samt ei løpande tvangsmulkt på 1.000 kroner som vert gjort gjeldande frå vedtaksdato 21.10.2016.

«Eid kommune forheld seg til den faglege vurderinga frå geolog, og vurderer at vegen ikkje er sikra i si heilheit slik pålegget føreskriv», skriv plan- og utviklingssjef Kristine Dahl og gir tvangsmulkt til entreprenøren.