– No skal kystvegtraseen avgjerast, og vi har berre tida og vegen, seier Marit Unn Myklebust, som har starta underskriftskampanje for å få brua over Nordfjord mellom Otteren og Bryggja.

Kommunestyret i Bremanger har tidlegare uttalt at dei tar sikte på å diskutere kystvegtraseen gjennom kommunen i årets siste kommunestyremøte 15. desember.

Marit Unn Myklebust frå Ålfoten meiner det er viktig at folk no gjer seg høyrde, og ikkje berre blir sittande å sjå på at brua blir lagt ein stad innbyggjarane ikkje ønskjer.

For dårleg argumentasjon

– Vi kan ikkje sitte og sjå på galskapen, som eg kallar det, seier Myklebust, som meiner argumenta for at brua skal ligge i ytre, mellom Vemmelsvik og Rugsundøy, er for dårlege.

– Det blir for dyrt blir det sagt, men det er ikkje kommunane som skal betale. Det er Statens vegvesen, og dei vil vite kva vi som bur her synest er best.

Tysdag la ho ut eit innlegg og ei underskriftskampanje for bru mellom Bryggja og Otteren. Eitt døgn seinare hadde ho allereie 145 underskrifter.

Myklebust meiner det er på tide at nokon reagerer på det ho ser på som «hol i hovudet», og oppmodar fleire om å signere kampanjen.

– Det som blir dyrt her er å snakke om bygdeutvikling og samtidig legge ned bygda, seier Myklebust, som meiner det er nettopp det politikarane gjer om dei vel å kutte det gode sambandet bygdene i indre, frå Ålfoten til Endal, har hatt til Eid kommune.

– Det handlar om eksistensen vår. Ikkje i morgon, men på sikt. Det snakkast om å halde bygdene levande, om busetnad og bygdeutvikling, men dette er ikkje vegen å gå. Og det er barna og barnebarna våre som får dette midt i fleisen, seier ho.

Bremanger er delt geografisk i indre og ytre, og for bygdene på sørsida er det Eid dei pendlar til.

– Eid er i full utvikling både innan kultur, næringsliv og handel. Men viss brua kjem i ytre, blir reisevegen for dei som jobbar på begge sider av fjorden mykje lenger. Og for handelen sin del køyrer vi nok då heller til Florø.

No håper Myklebust at folk kjenner si gjestingstid, og seier kva dei meiner medan dei har sjansen.

– Vi må få opp aktiviteten. Det nyttar ikkje å sitte stille og sjå på. Vi må gjere det vi kan, og vi må gjere det no!

Appellerer til lokalpolitikarane

– Kommunestyret skal vere for heile kommunen, ikkje berre ytre, seier Marit Unn Myklebust.

Myklebust håpar politikarane, når dei no snart står framfor den endelege avgjerda på kystvegtrasé gjennom Bremanger, ser på heilskapen.

– Dei må sjå på heile kommunen, ikkje berre delar. Dei må sjå heilskapen og vere rettferdige, seier Myklebust, som er litt uroa over at det berre er eitt parti, Senterpartiet, som har programfesta at dei vil ha ferje Isane-Stårheim eventuelt indre løysing for bru.

– Aller helst vil vi jo det, behalde ferja. Men den skal nok vekk. Og då vil vi heller ha bru mellom Bryggja og Otteren enn bru i ytre, seier Myklebust, som trur dei aller fleste i bygdene i sør er einige i dette.

Ho ser poenget med at ferja ikkje alltid går, men trur ikkje at ei bru i ytre blir meir påliteleg enn ferja er i dag.

– Det bles mykje. Vi ser Rugsundbrua bli stengt heile tida. Det vil bli problem med vêret om brua ligg i ytre.

Ho meiner det nyttar å engasjere seg, og peikar på at Bryggja- Otteren ikkje ein gong hadde vore eit utgreidd alternativ, om ikkje vanlege folk hadde pressa på for å få det med.

– Vi må seie det vi meiner no. Så får vi heller sutre etterpå om det ikkje går som vi vil.