Det vedtekne hovudmålet for strategisk plan for kysten, som fylkesutvalet nyleg har godkjent, er «ein kystregion som er attraktiv, med folkevekst, vekst og berekraft i næringslivet og mange gjestande.»

Dette skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

Strategisk plan for kysten 2018-2029 styrer arbeidet med å vidareutvikle kystregionen og skape vekstkraftige og verdiskapande samfunn.

Det ligg i vedtatt planprogram at planen skal omfatte kystkommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Fjaler, Askvoll, Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje. Kommunane har engasjert seg i planarbeidet og får spele ei aktiv rolle i utforming av strategiane.

–  Store verdiar og viktige arbeidsplassar vert skapt langs kysten vår. Eg er glad for det sterke engasjementet frå kystkommunane i høyringsarbeidet, seier fylkesordførar Jenny Følling.

– No ser vi fram til kva konkrete strategiar som vert utforma med utgangspunkt i det planprogrammet som FU har vedteke. Ein treng gode strategiar som kan vere med på å løfte kystregionen i fylket vårt ytterlegare. Eg er glad for at vi alle kan samle oss bak hovudmålet for planen, seier fylkesordføraren vidare.

Les heile planen her.