Dei eldste ungane i Trollskogen barnehage i Vågsøy har i to månader arbeidd med førstehjelp og brannvern. Tysdag vart prosjektet avslutta med omvising på brannstasjonen.

– Det har blitt nokre aha-opplevingar i heimane til barna. Det er mange som har enda opp med å kjøpe seg nytt varslings- og sløkkeutstyr, fortel førskulelærar i Trollskogen barnehage, Lene Reed.

Lærer å varsle

Kvar dag har ein av barna i barnehagen fått med seg brannbamsen Bjørnis heim. Med bamsen har det følgt ei sjekkliste der barna, saman med familien, skal gå gjennom sløkke- og varslingsutstyr, kva ein skal gjere om det brenn og branntryggleik i heimane.

På spørsmål om kva ein skal gjere om det brenn, har barna svaret klart.

– Vi må ringe 110.

– Og så rope at det brenn.

– Så må vi gå ut.

– Og møtast på møteplassen, seier barna.

– De kan mykje meir enn veldig mange vaksne, rosar John-Inge Henden i Vågsøy brann og redning.

Får sjekka heimane

Brannvesenet i Vågsøy samarbeider med barnehagane om prosjektet, og er godt nøgde med resultatet så langt.

Brannbamsen Bjørnis har vore ein viktig del av prosjektet. Bamsen er først og fremst utvikla for å møte barn som har behov for omsorg og tryggleik ved ulukker og traume. Men han bidreg også med å vekke barn si interesse for førebyggande brannvernarbeid.

På slutten av omvisinga på brannstasjonen fekk barna tildelt ein eigen Bjørnis-diplom som viser at dei har teke del i prosjektet.