Formannskapet i Vanylven kommune går inn for å forlenge ordninga med utekontakt i kommunen.

Bakgrunnen for dette var at ein hadde sett problemåtferd i ungdomsmiljøet i kommunen.

– Grunnen til at vi oppretta dette tilbodet var at det alltid vil vere ungdomar i ei lita eller større kommune som ikkje finn tilbod som passar for dei. Når det kjem til dette med mobbing er det eit tema vi alltid må jobbe med, har ho tidlegare uttalt.

Ordninga har no blitt evaluert, og formannskapet tilrår at prosjektperioden for utekontakt for ungdom blir forlenga til 31. desember 2019.