Malakoff Rockfestival etablerer ny lavvocamp ved Eid vidaregåande skule.

No har festivalen inngått avtale med fylkeskommunen på området vest for skulen under festivalcampen 20.-22. juli neste sommar. Området har kapasitet til 50 lavvoar og om lag 300 gjestar.

Ferdig oppsett

Det var no sist sommar at festivalen for første gong tilbydde lavvocamp. Livet i den nye lavvocampen var av det meir rolege slaget. Her var femti lavvotelt slått opp på marka på Skipenes, og langs Eidselva var det idyllisk morgonbading av festivaldeltakarane.

– Det positive er at vi får ein plass å overnatte, og at her er ferdig oppsette telt. Det er mindre stress, og det er berre å flytte inn. Men det er for langt bort til festivalområdet. Dei sa det skulle vere fem minutt unna. Det tok 16 minutt, klaga ungdommane lattermildt.

Rolegare

– Skipenes var eit fint område å ha lavvocamp, men den var på ei mark som skal slåast, og difor vart vi einige om å kike oss rundt etter noko anna. Vi er veldig godt fornøgd med camp ved Eid vgs. Her har gjestane også høve til å bruke dusj og toalett, og har tak over hovudet om vêret blir dårleg, fortel Naustdal.

– Vi vil ha ein god tone med naboane, og vil gjere vårt beste for å sikre at dei blir ivaretatt og det blir minst mogleg sjenanse frå lavvocampen desse sommardagane, seier festivalsjefen. Campen er tenkt plassert lengst vekk frå bustadhus.

Slutt på å feste i partytelt på Malakoff

Partytelt på Malakoff sin festivalcamp vert det no slutt på.

– Vi vel å prioritere dei som treng overnattingsplass, og tar difor vekk partytelt frå festivalcampen, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal.

Over 5.000 ungdommar overnattar på festivalcampen til Malakoff, og partytelt har vore populært. – Det har vore overraskande lite negative tilbakemeldingar om at vi tar vekk partytelt frå festivalområdet, seier festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal. Arkiv

Festivalcampen på Nordfjordeid er ein av dei største i landet med 5.000 ungdommar som overnattar. Her sydar det av liv heile festivalhelga, men interessa er så stor at ikkje alle får plass.

I tillegg er det planar om bustadbygging i hotellhagen, noko som kan gi litt mindre areal til det som til no har vore festivalcampen.

– Difor kan ikkje vi rekne med dette arealet. Vi ser på moglegheita til å utvide andre område som grensar til oss og som ikkje har vore brukt før. Tanken vår er å bruke arealet vårt betre, og difor tar vi vekk partytelta. Vi må få plass til fleire, fastslår Naustdal.

–Opplever de ramaskrik når partytelta no blir borte?

– Det har vore overraskande lite negative tilbakemeldingar på det. Vi meiner det er riktig det vi gjer med å prioritere overnattingsplassar, og folk tilpassar seg dette og forstår, seier han.