Klokka 02.38 natt til laurdag vart politiet kontakta av folk som ikkje fekk sove på grunn av høg musikk i nabolaget.

Den høge musikken kom frå eit hus i Svelgen.

Politiet måtte ringe til dei som budde der og gav ordre om at dei måtte dempe musikken slik at naboane kunne få sove.

Elles så har det vore ei roleg natt.