– Vi er «kjempehappy». Vi får utvida treningstider, eit godt utstyrsrom og vi slepp klister på hender og utstyr i og med at hallen er klisterfri, seier Grete Aud Totland, som er instruktør for 40 12- og 13-åringar i turngruppa i Eid idrettslag.

Tidlegare har turnarane frå alle krinsane i Eid, Volda og Bremanger trent i idrettshallen, men dei har fått lite treningstid og plass til lagring.

Fleirbrukshallen, som vart offisielt opna torsdag, har kosta 53,4 millionar kroner å ferdigstille. 10 millionar kroner er spelemidlar.

Hallen inneheld ei speleflate med full handballbane, fire garderobar og to instruktørgarderobar, eit treningsrom på 50 kvadratmeter, scene med lyd og lysanlegg, eit amfi med 302 stolar, kjøkken/kiosk og lager.

Med dette erstattar fleirbrukshallen den gamle gymsalen frå 1963, og gjev fem gongar så stort hallareal som den gamle salen.

Denne veka opna også den nye ballbingen som måler 30 gongar 20 meter.

Det var Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) som stod for den offisielle opninga av hallen.

Frå og med skulestart på nyåret vil hallen vere i full bruk i undervisninga. Bygget vert då også gjort tilgjengeleg for lag og organisasjonar.