Feire har siste tida blitt forsøkt svindla av ein slik falsk e-post frå Posten.no. I e-posten er logoen til Posten brukt.

I E-posten så får du opplyst at Posten ikkje var i stand til å sende pakken du ventar på.

Dei opplyser at du treng ein adresselapp for å få pakken og ber deg om å klikke på «Få etiketten».

Gjer du det så startar problema. Då risikerer du at svindlarar går inn og styrer PC-en din.

Dersom du ikkje gjer noko med e-posten anna enn å slette den, så skjer det ikkje noko.

Her kan du sjå kva som skjedde med Stein Malkenes i Florø som fekk ein slik e-post og som gjorde det svindlarane bad om (NRK).

Dersom du sjekkar e-postadressa til avsendaren og det ikkje står @posten.no, så er dette svindelforsøk. E-posten Fjordenes Tidende har fått var frå Post Nord jodyv@wavecable.com.