Statsmeteorolog Justyna Wodziczko ved vêrvarslinga i Tromsø avkreftar alle håp om ei kvit julefeiring.

– Nei, det blir ingen kvit jul på kysten. Nedbøren vil komme i form av regn, dessverre.

Gradestokken vil i ytre Nordfjord halde seg på mellom 3 og 5 plussgrader, medan ein mot Nordfjordeid kan vente seg minusgrader.

Vinden vi har opplevd dei siste dagane vil heller ikkje gi seg. Allereie i ettermiddag vesle julaftan vil vinden blåse opp.

– Det er eit kraftig lågtrykk som treff allereie i dag, og vinden kjem til å auke opp i sterk kuling og storm på kysten. Dette vil halde seg utover ettermiddagen og ut over natta vil den vende frå sørleg til sørvestleg sterk kuling. I tillegg vil det komme ein god del nedbør i form av kraftige regnbye.

Julaftan fortset vinden og det er sjanse for liten storm.

– Vi kjem til å sende ut obs-varsel for det vil bli vanskelege køyreforhold i fjella som folk må ta omsyn til. Dette vil gjelde heile helga.

Første juledag vil vinden minke på formiddagen.

– Det blir stille før stormen. Vi får liten kuling og kortvarige pausar for nedbør, før eit nytt lågtrykk på søndagen med mykje vind. Dette blir ikkje berre på kysten, men i heile fylket og Vestlandet, fortel meteorologen.

Søndag kveld og natt til måndag fortset det kraftige lågtrykket med vind og nedbør, moglegvis full storm.

– Særleg natt til måndag blir det kraftig vind og mykje nedbør i form av regn.