Årsaka er ekstremvêret Urd som er på veg.

- Vi oppmodar folk som ikkje må ut på reise 2. juledag om å la bilen stå. Årsaka er ekstremværet «Urd» som er venta å kome med svært kraftig vind, og mykje nedbør, seier informasjonsleiar Arne Eithun.

- Vegvesenet har eit ynskje om at folk skal ferdast trygt på vegane våre. Med eit ekstremt ver i vente, kan det oppstå uføresette og farlege hendingar. Difor ynskjer vi minst mogeleg trafikk når uvêret står på som verst.

Berre dei siste dagane har fleire vegar blitt stengde av ras eller uvær på fjellet. Med den kraftig vinden «Urd» tar med seg kan også bruer bli stengde og ferjer bli innstilte.

Politiet oppmodar alle om å sikre lause gjenstandar, og førebu seg på det dårlege vêret som kan komme. Politiet oppmoda spesielt at entreprenørar, byggmeistrar og andre som har stillas ståande oppe sjekkar at desse er tilstrekkeleg sikra for uveret.

- Det er meldt om høge bølgjer langs kysten, og politiet minner om at bølgjene kan slå langt inn over land og at det kan vere farleg å bevege seg for nær. Det kan også hende det er ein god ide å unngå turar i høgfjellet, seier operasjonsleiar i Vest Politidistrikt, Lars Geitle.

Dette er varselet til yr.no:MANDAGSogn og Fjordane: Sørvest liten storm, ved Stad sterk storm. Mandag ettermiddag sørvest full storm, ved Stad orkan. Fra sent om ettermiddagen vestlig full storm, med vindkast mellom 30-40 m/s innover land, dreiende nordvest. Regnbyger, snøbyger over 400-600 m. Lokalt mye nedbør. Utrygt for torden.TIRSDAGVestlandet sør for Stad: Minking til nordvestlig stiv kuling. Regnbyger, sludd og snø på indre og i høyereliggende områder. Fra sent på formiddagen forbigående opp til frisk bris fra skiftende retning. Forbigående litt regn, snø i høyden. Om kvelden igjen nordvestlig bris, liten kuling på kysten. Regnbyger, sludd og snø i indre og høyereliggende områder.