Vegvesenet har presentert alternative og moglege kombinasjonstrasear for Kystvegen, og er stort sett ferdig med dei fleste analysane dei skal gjere.

– Vi ser på kva alternativ som utvidar bu- og arbeidsområda mest frå ulike senter, vi reknar på kostnadar og bereknar effekt, forklarer ho.

Effektberekninga, altså kva traséalternativ som vil ha mest nytte per investerte krone, er dei ikkje heilt i mål med enno.

– I løpet av månaden vil vi ha ei tilråding som vi først presenterer for vegavdelinga i Statens vegvesen før den blir sendt fylkeskommunen i februar.

Dyraste veg er 30,7 mrd.

Statens vegvesen har vurdert Kystvegen gjennom fylket i fem delstrekningar. Totalt er det 72 moglege kombinasjonar. Dei har konsentrert seg om seks kombinasjonsvariantar der billigaste løysing vil kome på cirka 19,7 milliardar (ytre trasé med ferjer) og den dyraste (som kortar inn) 30,7 mrd.

Kostnadane har ei uvisse på 40 prosent, og prosjektleiaren presiserer også at ein ikkje er låst til desse kombinasjonane.

For fjordkryssing Nordfjord har vegvesenet sett på fire alternative trasear: kort ferjekryssing, to bruer i ytre (Biskjelneset-Tongane og Almenning-Rugsundøy) og ei bru i indre (Bryggja-Otteren).

Det er store skilnader i pris på alternativa, alt frå 1,3 milliardar om ein nyttar seg av ferje, via 4–5 milliardar for bruene i ytre til 7,3 milliardar for bru mellom Bryggja og Otteren. Alle løysingane inneheld tilførselsvegar til bruene og oppgradering av fv. 61 frå Bryggja til Naveosen.

I sør kjem vegen så inn på Bremangersambandet før det for strekninga Sørdalen i Bremanger til Florø er vurdert to trasear, ein ny trasé i ytre, over øyane, til 5,7 milliardar, og ein trasé i indre, som er mest mogleg oppgradering av eksisterande veg, til 5,1 milliardar.

– Begge alternativ kortar inn strekninga, men det ytre alternativet er mest positivt i forhold til å korte inn vegen til Florø, medan det indre forkortar vegen til Førde mest.

Tek med seg nytt innspel

– Det er eit interessant innspel, seier Silje Aalbu om Jon Ole Eikås sitt forslag om fleire mindre bruer mellom øyane i ytre Nordfjord for å løyse ut fastlandssamband.

Statens vegvesen har derimot ikkje moglegheit til å sjå vidare på forslaget no, men Aalbu utelukkar ikkje at det kan skje i ei seinare fase.

– Det vi greier ut no går meir på sjølve korridorvalet. Men om det blir sånn at tilrådinga vår blir bru i ytre trasé, er det ein moglegheit for at vi kan sjå på dette som ei løysing for Husevågøy, og vurdere kostnad og nytte opp mot ferjesamband.

– Så forslaget er relevant?

– Ja, det kan det vere. Men vi har ikkje sett på korleis ein teknisk kan gjennomføre det, seier ho, og presiserer at dei er glad for at folk viser interesse.

Han ser også sjansen til å få inn fastlandssamband for Husevågøy ved å bygge 3–4 kilometer veg nordover på Gangsøy og bygge ei kort bru over Grindøysundet til Husevågøy.

Skal vurderast opp mot måla

Ein viktig del av oppdraget til Vegvesenet er å vurdere alternativa for trasé opp mot målsettingane for prosjektet.

Samfunnsmåla er å bidra til å skape vekst og utvikling i kystkommunane, samt utvide bu- og arbeidsområda. Effektmåla er redusert reisetid mellom viktige bu- og arbeidsområde, redusert reisekostnad og betra tilhøve for gåande og syklande.

Så langt har dei sett at dei indre alternativa til trasé (fjordkryssing og oppgradering av veg til Florø) gir mest trafikk, mens ytre alternativ truleg gir noko meir arbeidsreiser.

– Det er likevel ikkje sikkert at vår tilråding blir det som gir best måloppnåing. Det er rom for å ta inn andre vurderingar, som til dømes realistisk utbygging. Og det kan også bli ei todelt tilråding, seier Silje Aalbu.

Etter at Fylkeskommunen har fått tilrådinga, får kommunane kome med innspel før saka skal til politisk behandling og seinare vedtak i Fylkestinget.

Dette kostar dei ulike kystvegalternativa:

Nordfjordkryssing:

Ferje: 1,3 mrd

Bru Biskjelneset: 4,1 mrd

Bru Almenning: 4,9 mrd.

Bru Bryggja: 7,3 mrd.

Sørdalen-Grov/Florø:

Indre alternativ: 5,1 mrd.

Ytre, over øyane: 5,7 mrd.