Mandag var eit stort antal næringslivsleiarar fra Florø, Bremanger, Vågsøy og Selje samla i Kalvåg for å diskutere ønsket om ei ny, kraftig kystkommune.

Næringslivsleiarane var samla i ønsket om å krevje full politisk gjennomgang av mogelegheitene som ligg i å samle desse fire kommunane i eit nasjonalt kraftsenter.

Gruppa var samde om dei følgjande muligheteine og meiner punkta aleine burde være nok til å sikre ein god og samlande politisk prosess:

1. Tjuefem prosent av innbyggjartalet i Sogn & Fjordane sikrar den nye kommunen posisjon som ein maktfaktor i forvaltningsstrukturen i fylket. Også i ei eventuelt ny og større fylkessammenslutning på kysten.

2. Ei samla satsing på Florø Lufthavn vil sikre den nye kommunen eit fremtidsretta tilbod med god regularitet.

3. Ei felles satsing på Stad skipstunnel sikrar videreutvikling av nye næringar fra Florø til Ålesund.

4. Ei felles satsing på 45-minutts-regionen vil sikre gode kommunikasjonar intern i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion.

5. Næringslivet er trygge på at dei gjennom eit felles utviklingsselskap kan skape nye arbeidsplasser meir effektivt, utan begrensningane som ligg i dei gamle kommunegrensene.

6. Næringslivsgrupperinga legg til grunn at ei ny, stor kystkommune i økonomisk vekst skal ha ein slagkraftig offentlig sektor, med eit styrka, lokalt tilstedeværande tilbod innan helse/omsorg og utdanning.

7. Ei ny storkommune som skapar store verdiar for fellesskapet frå mogelegheitene som ligg i havrommet, vil stille sterkt i framtidig fordeling av relevante statlige arbeidsplassar.

Ifølge næringslivsaktørane vil den nye kystkommunen gi følgjande næringsretta synergier:

- Ha ei av Norges største havner

- Vere globalt leiande innan pelagisk industri og havbruk

- Ha ei av Norges sterkaste klynger av verftsindustri

- Ei auka satsing på kystturisme

- Ei styrka satsing på nye teknologiske næringar og det grøne skiftet