Den venta tilrådinga frå Kystvegen Måløy-Florø kom ikkje på styremøtet måndag.

- Det er på tide å komme vidare. Eg er utolmodig, seier styreleiar Reidar Sandal til Firdaposten som melder saka.

Styret i Kystvegen Måløy- Florø hadde måndag møte saman med ordførarane i Vågsøy, Flora, Bremanger, Naustdal og Førde. Men det kom ingen konklusjon på val av trasè.

- Den største saka på møtet var traséval mellom Måløy og Florø. Det blei ei førebels drøfting ut frå materialet som Statens vegvesen la fram den 1. desember. Vi er inne i ein god prosess og skal diskutere dette igjen i eit nytt møte i februar. Derfor ventar eg ei avklaring relativt raskt. Etter mitt syn må vi konkludere så fort som råd er, elles kjem vi ikkje vidare i arbeidet vårt, seier Sandal til avisa.

Han meiner det vil vere svært vanskeleg å gjere nokon jobb for å påvirke dei rette menneska og instansane verken regionalt eller nasjonalt før det ligg føre ei semje. Dei politiske prosessane, særsklilt i Nordfjord, i samband med kommunereforma har heller ikkje gjort jobben enklare for styret i kystvegen, skriv Firdaposten.

- Fordelen med det materialet Statens vegvesen har lagt fram no-. er at no kan vi faktisk gjere relevante samanlikningar av dei ulike alternativa. Summane er høge, men samstundes er det pluss/minust 40 prosent på kostnadskalkylene, seier Sandal.

Han strekar under at det må leggast vekt på både økonomi, på innkorting av reisetider og korleis alternativa kan vere med å bygge ein mest mogleg effektiv bu- og arbeidsmarknadsregion.

– Vi ser på kva alternativ som utvidar bu- og arbeidsområda mest frå ulike senter, vi reknar på kostnadar og bereknar effekt. I løpet av månaden vil vi ha ei tilråding som vi først presenterer for vegavdelinga i Statens vegvesen før den blir sendt fylkeskommunen i februar, sa ho til Fjordenes Tidende tidlegare i januar.

I Bremanger satsar politikarane på å få traséspørsmålet avgjort før sommaren. I kommunen er det stor debatt om indre og ytre alternativ både nordover mot Vågsøy og sørøver mot Florø.