– No er vi akkurat i gang med tilsettingsprosessen. Vi har fem søkjarar, så får vi sjå om vi lukkast med å fylle opp den nye legestillinga. Det går nokre veker før vi veit noko meir, og om vi har passande kandidatar, seier Randi Ytrehus, kommunalsjef for helse og omsorg.

Den nye legestillinga har vore lyst ut to gonger, for å få ei breiare søkjarmasse.

– Politikarane har vedtatt at vi skal auke til fem legar. Legane her har høg belastning på seg. Med ein femte lege skal ein kunne sikre full beredskap i Bremanger kommune heile året, seier Ytrehus.

Ho presiserer at vaktordninga i Bremanger er 24/7, med andre ord heile døgnet gjennom heile veka.

– Med berre fire legar og eiga legevakt har det vore driftsmessig høg risiko for driftsbrot, mellom anna om ein lege sjølv vert sjuk, seier ho.

I dag står 3.459 personar registrert med fastlege i Bremanger kommune. Det er fordelt på legekontora i Svelgen og Hauge. Ein av legane har venteliste på pasientar som vil ha han som fastlege.