– Det er viktig at huset skal takast vare på med all si historie også inn i framtida, seier den nye eigaren, Leif Kahrs Jæger frå Bergen.

Den gamle ærverdige skrivargarden frå 1790 står der framleis autentisk og bevart frå før Frankrike blei republikk. Den er ein av dei mest staselege og best bevarte herskapshusa frå denne tida i Sogn og Fjordane.

– Då dette huset vart lagt ut for sal vart det for freistande, smiler Jæger, som er godt kjent i området etter 20 år som kommuneadvokat for Eid.

Huset vart kjøpt for tre millionar kroner, og med renoveringa som no er gjort har nyeeigaren investert sju-åtte millionar kroner.

Og meir kan det bli.

– Vi har hatt lite problem med renoveringa. No har vi førebels fått nytt kjøken, seks bad og ti toalett. Vi har valt å lage eit «glasbur» inne i soveromma, slik at heile badet kjem innanfor desse glasveggane. Dermed er gamlerommet lesbart, og det har vore eit heldig val. Sjølv om huset er frå 1790 er fasilitetane etter dagens standard, seier han.

– Historia skal råde. Fylkeskonservatoren har vore god rådgivar. Samtidig er eg forsiktig av natur, og det er viktig å gjere kloke val for å ta vare på det som er autentisk.

Den historiske skrivargarden skal heretter brukast som selskapslokale til bryllaup og konfirmasjon.

 – Eg vil ikkje drive gjestgiveri, men det er ope for lukka selskap, fortel han.

Her vert det også kurs og konferansar, og overnatting av grupper. I øvste høgda vert det langtidsutleige for kunstnarar.

I tillegg vil han satse på kunstutstillingar, konsertar og ulike kulturarrangement som kan vere ope for alle. Allereie laurdag 28. januar er det duka for den første kunstutstillinga.

Då kan ein oppleve kunst av tre tidlegare Odd Nerdrum-elevar; Atle Skudal, Ragnhild Næss og Frøydis Aarseth.Jæger har drive med kunstformidling i ei årrekkje, og i tredve år har han vore aktiv i Fortidsminneforeningen, der han er leiar.

– Eg brukar enormt mykje tid på det å ta vare på kulturminne, seier han. Sjølv bur han i eit restaurert hus i Bergen som var ein falleferdig villa.