Folkemøtet kom i stand på kort varsel for å lodde stemninga for Selje sin kommunesamaslåingsprosess mot Eid. Fleire flatrakarar er no redde for at bygda deira, men også Selje kommune, skal sitte igjen med svarteper i forhold til ein framtidig kystkommune.

Ein ville derfor diskutere om det var moglegheit for å halde dørene opne for ein kystkommune seinare eller om ein på ein eller annan måte kunne få Vågsøy med inn i Selje-Eid.

Endre grensene?

Eit sentralt spørsmål på møtet var for initiativtakarane også å få klarheit i om Flatraket var interessert i å søke om grensejustering og bli ein del av Vågsøy, slik Bryggja no ønskjer å bli ein del av Selje-Eid.

Inger Vedvik Nygård var blant dei som stilte spørsmål ved om nokon har tenkt over kvifor ingen andre kommunar vil samarbeide med Eid.

– Eg meiner vi bør sjå på grensejustering sidan det no ser ut til å bli Selje-Eid, sa ho.

Andreas Rundereim meinte imidlertid at dette var noko ein berre kunne legge vekk med ein gang. Han trudde skule og barnehage, som er dei to tinga han brenn for, ville stå betre rusta innanfor Eid enn Vågsøy.

Vil dempe konfliktnivået

Stig Ødegård peikte på at konfliktnivået allereie var for høgt i denne debatten og at ein burde søke å dempe det ved ikkje å starte prosessen med ei eventuell grensejustering.

– Eg står på det eg tidlegare har sagt til Fjordenes Tidende om at dette ikkje er eit tema no, sa han, og peikte på at ein ein ville kome lenger om selje- og vågsøyordførarane kunne legge konflikt til side og snakke saman om kva som skal til for å få Vågsøy med.

– For meg var det veldig oppklarande å finne ut at det ikkje såg ut til å vere stemning for å ta opp grensejustering no, seier kommunestyrerepresentant Terje Ødegård (Tverr- politisk) etter møtet.

Det blei likevel peikt på at dette er noko en eventuelt kan ta opp igjen seinare, og at dei som ønskjer at Flatraket ser på moglegheitane for ei slik løysing kan melde frå til Ødegård.

Når det gjaldt sjølve hovudspørsmålet; er Eid ein god partner for Selje, eller bør ein sjå mot Vågsøy og/eller ein framtidig kystkommune, var meiningane delte blant dei som tok ordet i møtet.

Meiner avtalen blokkerer for Vågsøy

Fleire på folkemøtet, uavhengig av kva meining dei hadde om Selje-Eid, kom med kritikk av utkastet til intensjonsavtale.

Skal ein få med Vågsøy i Selje-Eid, som mange av flatrakarane ser som eit betre alternativ, peikte fleire på at teksten i intensjonsavtalen ikkje er nokon god invitasjon for å få Vågsøy inn. Spesielt ikkje punktet som seier at partane vil kjempe for kystveg via Bryggja-Otteren, alternativet Vågsøy kommune ikkje ønskjer.

– Det er ein generaltabbe å ha dette med i avtalen. Det er ein fylkesveg som skal byggast. Kommunane blir naturleg høyringspart seinare. Å gå ut på den måten og lage høgt konfliktnivå, det likar eg ikkje, sa Ottar Nygård.

– Dette bør ut av intensjonsavtalen. Eg trur det vil gjere den meir spiseleg for Vågsøy med ein gang, sa Stig Ødegård, som meinte Vågsøy oppfatta dette punktet i avtalen som eit dolkestøt i ryggen.

– Ein kastar bensin på bålet. Dette må ut. Eg trur eidarane vil forstå, sa Johan Kroken.

Ordførar Stein Robert Osdal opplyste då til mange si overrasking at det var Selje, ikkje Eid, som ønskte punktet inn.

– Ja, då blir det jo lett å få det ut igjen! parerte Kroken, som også peikte på at ein ikkje burde kome med bindande punkt om ein vil ha med Vågsøy.

Skule i bygda er avgjerande

Det var stor semje under folkemøtet på Flatraket om at skule var eit viktig punkt for bygda. Fleire peikte på at kva kommunekonstellasjon som ville føre til at ein kunne få beholde skulen for bygda som er i vekst, var noko som kunne avgjere spørsmålet for dei.

– Eg er for ein storkommune med Selje, Vågsøy og Eid, men no ser det ikkje ut som Vågsøy vil, og då må eg gå tilbake til mitt hovedfokus då eg valde å stå på liste for Tverrpolitisk. Det er to ting eg brenn for på Flatraket, skulen og barnehagen. Vi er ei bygd i vekst. Vi må ta det valet som er mest riktig for å bevare skulen, sa Andreas Rundereim.

For han såg sjansane best ut i Eid.

Andre argumenterte for skulen med Vågsøy som beste utgangspunkt.

Terje Ødegård advarte mot å tru at graset var grønare på den andre sida.

– Det vil bli debatt om skulestruktur i Selje-Eid også.