- Eg håpar vi har fått vist at ein ikkje treng å flytte vekk for å finne spennande jobbar, seier dagleg leiar Signe Bakke Svarstad.

Saman med resten av gjengen i Framflyt UB arrangerte ho i dag den fjerde Framflyt-konferansen. Med tema "Nordfjord ut i verda" sette dei publikumsrekord, og fem føredragshaldarar fekk vise seg fram for dei 550 publikummarane i salen.

- Bakgrunnen for val av tema er at veldig mange ungdommar tenkjer at dei må flytte til dei store byane for å finne interessante jobbar. Det treng ein heldigvis ikkje, og i dag har vi vist at ein kan gjere det stort ifrå vesle Nordfjord, smiler ho.

På scena stod mellom andre Sindre H. Kvalheim frå LocalHost, Sverre Søraa frå Coast Seafood, Vegard Larssen frå Stad Towing Tank og Nils-Per Sjåstad frå Stadpipe.

- Dette er bedrifter som alle skapar lokalt, men tenkjer globalt, sa konferansier Gro Flølo frå scena.

Ho peika på at Nordfjord har mange spennande arbeidsplassar å tilby, og fleire er på veg.

- Særleg spennande er koplinga mellom tekonologi og helsesektoren. I det skjæringspunktet kan ein skape mange innovative løysningar i framtida, og med fleire IT-bedrifter som satsar her i lokalmiljøet er dette høgst relevant for oss i Nordfjord. Til det treng ein folk med kompetanse som kan fylle arbeidsplassane, påpeika ho.

Sindre H. Kvalheim trakk fram Lefdal Gruve som døme på at IT-bransjen er i vekst.

- Vi har investert 100 millionar i eit fjellhol, og kjem til å trenge mange hender om ikkje lenge, understreka han.

Han har allereie starta rekrutteringa, gjennom yrkesfaglinja TAF-IKT ved skulen. Gjennom studieløpet får ein både jobbe og gå på skule over fire år, og til slutt sit ein igjen med både fagbrev og spesiell studiekompetanse.

- Dei som vel å gå TAF blir utruleg ettertrakta i arbeidsmarknaden, meiner Kvalheim.

Les alt om Framflyt i fredagsavisa, og sjå bilete frå konferansen øvst i saka.