Sløkking av FM-nettet og overgang til DAB+ er eit aktuelt tema. 11. januar 2017 startar arbeidet med å stenge FM-nettet. I Sogn og Fjordane vert FM-nettet etter planen kopla ut og erstatta med DAB+ 21. juni 2017.

Ei utsetting av saka er til politisk behandling, men uansett går det mot eit teknologiskifte. Ei utsetting vil føre til ei ekstrarekning på 200–250 millionar kroner i året, ifølgje Kampanje. For ein vanleg radio på kjøkenbenken er det ikkje store problemet. Statistikk viser at 90 prosent av norske husstandar har ein DAB+-radio tilgjengeleg allereie.

Då er det verre stilt med bilar der radioen ofte er integrert i interiøret. Statistikk frå Statens vegvesen viser at fire av ti som lyttar på radio sit i bil. Berre ein av tre bilar er utstyrt med DAB+-teknologi.

God julegåve

Jon Åge Oppedal er DAB-ekspert hjå Radio–TV Service i Måløy, og fortel at temaet opptek mange kundar. Han trur DAB-adapter låg under under mange juletre.

– I bilar produsert etter 2014 skal DAB+-teknologi vere på plass frå fabrikk. For bilar produsert før kan det vere ei utfordring om du ynskjer å behalde funksjonane i bilen, som rattkontroll. Då må ein gå inn og kople ein DAB+-sendar til USB-uttaket i bilen om han har det. Ynskjer du å behalde radiofunksjonane, bør du snakke med forhandlaren. Det er skilnad frå bil til bil, konstaterer Oppedal.

Han fortel at han nyleg oppdaterte faren sin bil med ny DAB+ gjennom USB-uttaket.

– Resultatet vart ikkje optimalt, det tek 10–15 sekund før radioen søkjer seg inn att etter at ein har køyrt gjennom ein tunnel. Å legge inn DAB+ gjennom USB er heller ikkje ein jobb vi tek på oss, seier han.

Eit søk på nettet viser at utstyr til denne type operasjon er ganske kostbart, prisen varierer frå 7.000 til 9.000 kroner alt etter type. I tillegg kjem arbeid.

Ulike løysingar

Radio- TV Service rår kundane sine til å velje mellom tre alternative løysingar.

Den eine er ein adapter av merket Pop som du stikk i sigarettennaren og trådlaust søkjer inn på FM-radioen i bilen. Adapteren omformar signala.

Ifølgje Jon Åge Oppedal gjer adapteren at du også kan nytte mobiltelefonen trådlaust i bilen. Abonnerer du på musikktenester som Spotify eller Tidal, og har musikk lasta ned på telefonen, kan du plugge i og spele. For deg som ladar telefonen i sigarettennaren, finst det USB-uttak på adapteren slik at du framleis kan lade.

Apparatet kan lett flyttast frå bil til bil. Dingsen er ikkje stor, om lag 5 centimeter brei. Men ulempa er at dette er eit apparat som blir liggande mellom førarsetet og passasjersetet som eit ekstra element. Det er ikkje alle glad i. Du må også ha ei lita antenneleidning liggjande for å ta imot signal. Kostnaden ligg kring 800–900 kroner for dette utstyret.

DAB-splittar

Ein litt dyrare adapter er Autodab, med eit veldig lite kontrollpanel som du har lett tilgjengeleg, og ein litt større boks du kan skjule annan stad i bilen. Prisen for dette er cirka 1.600 kroner.

Sjølv har Oppedal ein bil frå 2006. Han har valt å setje inn eit nytt anlegg til knapt 3.000 kroner. For at dette skal fungere må du kople på ein DAB-splittar til FM-antenna på bilen.

– Ein del vel denne løysinga. På bilar med integrert musikkanlegg i bilen er det ikkje like lett. Men spesielt til båtar er dette mykje brukt.

Vil ha 99,7 prosent dekning

DAB+-teknologi vil ha 99,7 prosent befolkningsdekning i Norge, ifølgje radio.no.

Tilsvarande har FM stereo ein dekningsprosent på 98,6 prosent. Det vil seie at dekningsgraden i teorien skal bli betre med den nye teknologien.

Det vil også vere ein skilnad ved at ein ikkje opplever skurring. Enten har ein signal og det er klår lyd, eller det forsvinn. Norge er førebels det einaste landet som skrur av FM-nettet. Lokalsendingar vil kunne halde fram på FM til 2021.

Ifølgje Worlddab.org har til saman 20 land ordinære DAB/DAB+-sendingar. Elleve land har prøvesendingar. I Sverige har ein bestemt seg for å leggje DAB-planane på is og halde fram med FM på ubestemt tid.

Framleis er det ikkje DAB-dekning i mange norske tunnelar, men Statens vegvesen har lova at alle tunnelar med FM-dekning skal få DAB-dekning innan FM-nettet blir slått av. På sjøen strekkjer DAB-signala seg om lag 50 kilometer ut frå kysten i heile Sør- og Midt-Norge. Nord for Bodø er det framleis store lommer utan dekning til havs.

DAB fører til at talet på kanalar blir mykje større. Via DAB har du i dag 25 riksdekkande kanalar å velje mellom, mot fem i FM-nettet, ifølgje NRK.no.

Mange er forvirra over at ein opererer med to slags DAB, med og utan pluss. DAB er den gamle digitalradiostandarden som Norge er i ferd med å forlate. I løpet av 2017 vil alle norske radiokanalar ligge på DAB+.

Mange nyttar i dag nettradio, og det er stilt spørsmål ved om ein eigentleg treng DAB. Utvalet på nettradio er større enn med DAB+. Men du må ha nettilgang, og slik det er i dag vil du lett bruke opp datamengda på telefonen.