Det vil bli sett opp slike skilt på dei sju mest belasta strekningane i Sogn og fjordane.

- Tradisjonell fareskilting for hjort har lita eller inga effekt, og eksisterande strekningar med fareskilt har i mange høve fleire hjortepåkøyrsler enn dei utan skilt. Norsk hjortesenter ynskjer difor å teste ut effekten av «Dynamiske» fareskilt for hjort.

Dette er skilt med varselblinkarar som slår seg på når faren for påkøyringar er stor. Dette vert styrt av ein datamodell utarbeidd med bakgrunn i statistikk frå tidlegare påkøyringar. I modellen freistar ein og å ta inn andre variablar som meteorologiske data og månefasar.

- Påkøyrsler av hjortevilt er eit veksande problem. Både i høve samferdsle, dyrevelferd og viltforvaltning. Påkøyrslene skapar store pinsler for dyra og representerer store kostnader for staten, kommune, forsikringsselskap og privatpersonar. Vi veit stadig meir om kva som er med å auka risikoen for hjorteviltpåkøyrsler, og denne kunnskapen kan nyttast til å utforme meir presise tiltak enn tidlegare. Siktrydding og generelt open vegetasjon i sona rundt vegtraseen er med å redusera hjortepåkøyrsler og spare samfunnet for kostnader. Viltgjerding med kryssingspunkt og fartsreduksjon er andre svært effektive tiltak, heiter det i ei pressemelding.

Til kvar av strekningane er det knytt ei anna belasta strekning der det ikkje vert gjort tiltak. Desse strekningane vert brukt som referanse slik at ein kan måle effekten av dei dynamiske skilta.

Det er allereie sett opp slike skilt på strekningar i Erdal, Brandsøy og Alvera.

Dei fire strekningane som står att å skilte ligger i Eid, Stryn, Sogndal og Lærdal.

Prosjektet er et samarbeid mellom Norsk Hjortesenter, IMSA Technology Company og Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Dette prosjektet vil også bli presentert i forbindelse Viltseminar 2017 i Førde 17. og 18. mars.

Statens Vegvesen står for hovudfinansieringa av prosjektet og i tillegg bidreg dei kommunale viltfonda i dei kommunane med skilta strekningar.