Det er likevel eit anna flyselskap, Norwegian, som er største kunde. UniformPartner er eineleverandør av uniformer til det sterkt ekspanderande flyselskapet. Om lag 2.000 koffertar med uniformer blir årleg levert frå Selje til Norwegian-tilsette som startpakke etter gjennomført kurs. Før levering har representantar for verksemda vore til stades fysisk og teke mål.

Samla har UniformPartner Selje ansvaret for uniform- og profilbekledning til bortimot 20.000 personar årleg.

Nye kontraktar gjev vekst

– Leveransane til Norwegian er ganske konstant. Siste åra er det i EU-sona dei har auka mest. Den logistikken blir styrt av avdelinga i Litauen. Så veksten i Norwegian har ikkje medverka så mykje til vår vekst her. Det er meir nye kontraktar som gjer at vi auka omsetnaden frå 46 millionar kroner i 2015 til 62 millionar i 2016, seier avdelingsleiar Geir Årvik, og legg til:

– Leveransar av uniformer til Widerøe og Politiets fellestjeneste er nye kontrakter som gjer at vi auka omsetnaden. Widerøe-avtalen omfattar også Widerøe Ground Handling, som nyleg overtok delar av bakketenesta til SAS. Til saman er dei eit par tusen tilsette som skal ha uniform.

Han fortel om god tilgang på nye kontraktar.

– Årsresultatet for sist år er ikkje klart, men verksemda har dei siste åra levert gode resultat og har god eigenkapitaldekning. Vi sit på kontraktar som tyder på at også 2017 blir bra.

Del av større konsern

20 personar jobbar i Selje-avdelinga fordelt på 17 årsverk. Det er berre ein liten brøkdel av talet på tilsette frå tida då forløparen Skjortefabrikken Selje hadde sine glansdagar med kring 100 tilsette. Verksemda har vore gjennom den same utviklinga som konfeksjonsbransjen i landet elles, med utflagging av produksjon til lågkostland. Men framleis er det handverkarar i det 1.700 kvadratmeter store industrilokalet på Reset. Ei serviceavdeling med fire-fem tilsette jobbar med oppgåver som brodering, opp- og nedlegging og justering av striper.

I dag er avdelinga i Selje underlagt hovudkontoret til UniformPartner som ligg i Bergen. Verksemda har også avdeling i Oslo og Litauen. Årvik fortel at dei opplever full satsing og støtte frå hovudkontoret.

– Eg må skryte av eigarane for at dei satsar på oss og let oss halde på med det vi er best på.

– Naudsynt omstrukturering

Utan omstruktureringa ein gjorde i 2001 trur ikkje Årvik der hadde vore noko verksemd i Selje. Sjølv kom han inn som sals- og marknadssjef i Skjortefabrikken Selje i 1998.

– I 2001 vart det etablert eit dotterselskap i Litauen som sikta mot uniformsprodukt. I samband med ei stor omstrukturering i 2000/2001 overtok NB Partner 68 prosent av selskapet, og siste produksjonslina forsvann til Litauen. Denne utviklinga var tvingande naudsynt og la grunnlaget for den drifta vi har i dag. I 2003 fann vi behov for å få inn ein strategisk partner. UniformPartner i Bergen, vår største kunde, byrja då gradvis å kjøpe seg opp.

Ein del av utviklinga var skifte av lokale.

– Vi heldt til på Nabben der kommunehuset er i dag. Det var tungvint. Det vart avgjort å satse vidare i Selje, og i august 2006 flytta vi inn her.

– I 2010 løyste UniformPartner ut alle andre aksjonærar, noko som gjorde at vi vart fusjonerte inn i selskapet. Den verksemda hadde ansvaret for uniformene til Norwegian. Det vart vedteke å flytte all logistikk og kundeansvar for den store kunden hit, fortel Årvik.