– Eg hadde eit ønske om å lære meg spansk. At valet falt på Argentina er eigentleg veldig tilfeldig. Eg trengte ei forandring og ville utfordre meg sjølv på nye måtar, seier 21-åringen frå Måløy.

I august pakka ho derfor tinga sine og flytta til Buenos Aires der ho begynte på eit årsstudium ved Universidad Nacional de San Martin.

Greip moglegheita

– Argentina er langt vekk, og ikkje minst annleis , så då eg fekk plass på universitetet såg eg ikkje andre alternativ enn å berre gripe moglegheita og reise, seier ho.

No er planen å fullføre årsstudiumet ved universitetet, der ho studerer spansk, argentinsk historie og filosofi, lære spansk flytande og bli kjent med kulturen.

Deretter kan ho forsetje på ein bachelorgrad om ho ønsker. Det var etter ein backpackertur gjennom USA, Mexico og Puerto Rico i fjor, at Synne forelska seg i språket og den latinamerikanske kulturen. Etter nokre månader har ho utvida vokabularet betrakteleg, men ho er endå ikkje flytande i spansk.

– Men det kjem seg sakte men sikkert, fortel ho, og legg til at ho vurderer å finne ein vertsfamilie å flytte inn med for å forbetre spansken.

Likar at det skjer ting

Måløyværingen trivast godt i Buenos Aires og likar at det heile tida skjer noko nytt.

– Tangotimar, språkkafear, konsertar, fotballkampar, demonstrasjonar, vinsmaking og hesteriding – Buenos Aires har det meste, seier ho.

21-åringen fortel at landet kulturelt skil seg frå Norge og at ting gjerne tek litt lenger tid her.

– Menneska her er veldig opne og imøtekommande. Å stå i ein halvtime i kø på supermarknaden for å ei flaske mjølk er ikkje utvanleg. Her er ingenting som heiter å stresse eller planlegge, og skal du følgje «argentinsk tid», så møter ein opp ein halvtime for seint. Når det gjeld helsevesen, banksystem og anna teknologi ligg Argentina eit hakk bak. Ein betalar til dømes omtrent berre med kontantar, seier ho.

Langhelgar og feriar har ho nytta til å utforske nabolanda Chile og Uruguay.

– Eg planlegg også ein tur til Brasil. Og om det er tid vil eg utforske meir av Argentina, landet har så mykje å by på!