Spørsmålet frå Vågsøy om Flora om Bremanger vil vere med på diskusjonar om kommunesamanslåing skal opp som drøftingssak i formannskapet i Bremanger i dag. Arkivfoto: Svanhild Breidalen

Spørsmålet frå Vågsøy om Flora om Bremanger vil vere med på diskusjonar om kommunesamanslåing skal opp som drøftingssak i formannskapet i Bremanger i dag. Arkivfoto: Svanhild Breidalen

I dag drøftar dei kystkommunesaka

Fristen for svar til naboane går ut i dag.

Det har vore knytt spenning til kva som blir Bremanger sitt svar på Vågsøy og Flora sitt siste utspel i kommunereformprosessen.

Dei to nabokommunane diskuterer no intensjonsavtale for samanslåing på kysten, og vil gjerne ha Bremanger med i prosessen.

Nabokommunane ønskjer svar frå Bremanger på kva dei tenker om vegen vidares seinast 17. februar, altså i dag, men Bremanger ville ikkje endre på si møteplan og kalle inn til ekstraordinært kommunestyremøte for å kome dette ønsket i møte.

Dei har vist til vedtaket som allereie er gjort i kommunestyret 11. februar i fjor om nei til samanslåing. Voteringa den gangen enda 14 mot 9.

Men i dagens planlagte formannskapsmøte er saka sett opp som ein drøftingssak, og formannskapet vil då signalisere eit standpunkt frå Bremanger si side. Da saka sist var i formannskapet i fjor enda det med nei til samtalar om samanslåing med 4 mot 3 stemmer.

Dei to Ap-representantane stemte den gang nei i tråd med partiet sitt ønske, saman med KrF og Sp, men det er kjent at det innad i Ap er delte meiningar om reforma.

Det blir sagt at det ikkje blir nytta  bruk av partipisk i partiet, men at det likevel er «tradisjon for  stemme likt».

Og også denne gangen har årsmøtet i Ap vedteke at det er partiet si haldning at ein skal seie nei til samtalar om samanslåing.

Formannskapet var sett klokka ni i dag tidleg.

 

 

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå