Det er i samband med planlegginga av Stad skipstunnel at Selje kommune for tida jobbar med arealdelen av kommuneplanen. Ny hurtigbåtkai er planlagt på Krakereid, om lag ein kilometer frå sentrum. Då vil hurtigbåten frå Bergen kunne legge til i Saltasundet og gå inn Moldefjorden, gjennom tunnelen mot Ålesund. Tidlegare Sp-politikar og fiskebåteigar Austring er ikkje imponert.

– Politikarane snakkar om sentrumsutvikling. For dei handlar dette om å få det nærmast mogleg sentrum. Men den dagen Stad skipstunnel er ferdig, vil det kome mengder av turistar landevegen. Det ligg føre ein ferdig plan for kai i Lestovika, nær det planlagde tunnelinnslaget inst i Moldefjorden. Her kan ein kombinere hurtigbåtkai med fiskebåtkai og småbåthamn. Ein kan skysse turistar som kjem landevegen direkte inn på skipstunnelen. Det vil vere god kommuneutvikling, men denne planen har kommunen stukke under ein stol, det er ikkje teke med i plangrunnlaget.

– Nordfjord Havn har vore med og peika ut tre moglege plassar på Krakereid. Planutvalet har valt ein av dei. Kystverket har uttalt seg. Planen har vore konsekvensutgreia av Nordplan AS.

Tryggleiksrisikoen Austring åtvarar mot handlar om vêr, trengt sund og stor båttrafikk.

– Vi som bur her veit at stormen kjem både frå sørvest gjennom Barmsundet og som vestavind. Her er straumar, sjødrag langt oppetter land og grunner. Med 20–35 båtar i snitt gjennom tunnelen i døgnet, blir her ei farlei. Skal ein byrje å ta folk i land, blir det eit sjansespel, avsluttar Austring.

– For andre gong i planarbeidet prøvde Senterpartiet på sist møte i planutvalet å få inn fiskerikaia i Lestovikja i arealplanen. Eg prøvde også å spørje ordføraren om dette er rett tid og stad å ta opp utgreiing av straum- og vindtilhøve. Svaret var at vi må kome tilbake til dette i samband med reguleringsplanen, seier partifellen til Dag Austring.

Sande sit i formannskapet som er identisk med planutvalet.

– Så då reknar eg med det vil kome ei konsekvensutgreiing i samband med reguleringsplanen, seier Sande.