Han viser til tidlegare kommunestyrevedtak om at Bremanger kommune går inn for å behalde fådelt skulestruktur ved grenseskulane som i dag.

I vedtaket heiter det også at om elevtalet ved ein skule kjem under 13 elevar (fådelt skule) skal kommunen gje tilbod om udelt skule i ein periode på inntil to år, dersom foreldre ønskjer det.

– Kommunen ønskjer ei tilbakemelding frå føresette om de ønskjer at kommunen skal drive udelt skule på Kolset eller om vi skal greie ut andre alternativ, skriv ordføraren.

Han ber føresette gi tilbakemelding innan 15. mars.