Det var Sanna Midtbø (13) og Ragne Myklebust (12) som hadde rollene som mobbaren Camilla og offeret Hilde. Til vanleg er dei både naboar og gode vener.

Mellomsteget ved Svelgen Oppvekst har arbeidd med musikalen sidan nyttår og sist veke var det endeleg dags for premiere. Først fekk alle borna og ungdomane sjå den som ei generalprøve i skuletida. Om ettermiddagen var det klart for å vise stykket for alle sambygdingane.

Salen var heilt full, men ein kunne likevel ikkje spore noko nervøsitet blant dei scenevande elevane.

Stopp ikkje mobb handlar om Camilla og gjengen hennar som plager vettet av ei anna jente i klassen, Hilde. Dei opprettar ein falsk Facebook-profil i hennar namn og postar usanne ting. Dei ringer og sender SMS frå hemmeleg telefonnummer og plager den utvalde på alle mogelege måtar. Det heile kulminerer i at dei går til fysisk åtak og skadar mobbeofferet sitt. Då vil ikkje lenger Hilde gå på skulen og familien vurderer å flytte.

Etter kvart går det opp for gjengen til Camilla kva dei har gjort og dei snur ryggen til leiaren sin. Camilla vert ståande åleine. Skam og einsemd gjer at ho til slutt ber om orsaking og blir ven med Hilde.

60 elevar var med i musikalen med kor, song, dans, husorkester og arbeid med kulissar.

– Det har vore mykje logistikk og innimellom ei tolmodsprøve både for lærarar og elevar. Men vi har hatt det veldig kjekt og elevane har arbeidd jamt og trutt for å få til dette, seier teamleiar Hege-Iren Svarstad.

Sanne Midtbø og Ragne Myklebust seier dei ikkje kjenner til mobbing ved sin skule.

– Når vi har spelt i musikalen veit vi i alle fall kva vi skal gjere om vi ser noko slikt.

Svelgen Oppvekst set opp musikal eller liknande kvart tredje år slik at alle skal delta ein gong i løpet av grunnskuleopplæringa.

– Vi sat opp same musikalen for tre år sidan og det var artig å sjå at ungdomsskuleelevane framleis hugsar tekstar og songar. Dei syns det var kjempebra, seier Svarstad.

Det er lagt ned svært mykje arbeid i denne oppsettinga. Alle songtekstar var omsett til nynorsk og dialogen vart gjort på dialekt. Det gjorde stykket truverdig for dei som sat i salen. Som takk for opplevinga fekk elevane med seg ståande applaus frå eit stolt publikum.