– Vi har heile tida meint at det er heilt absurd å skulle legge ned Stårheim-Isane for å bygge ei bru ein annan plass. Så eg er veldig fornøgd med at Statens vegvesen i si utgreiing er tydelege på at ferja skal vere der, understrekar Bjørlo, og legg til:

– Dersom vi alle no respekterer dette faglege rådet, er det ingen grunn til at Kystvegen lenger skal skape «splid» mellom kommunane i regionen. Då får vi gode og samlande løysingar som gjer det lettare å jobbe samla for å realisere Kystvegen uansett trasé.

I intensjonsavtala mellom Selje og Eid går det fram at dei meiner at Kystvegtraséen over Nordfjorden må planleggast over Bryggja-Otteren.

– Eg har ikkje lyst til å kommentere dei konkrete løysingane i vår region då dette skal på høyring. Sjølv om Eid og Selje ikkje er formelt slått saman, så vil vi diskutere tilrådinga i lag, seier Bjørlo.