Nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen ber Bremanger kommune vere merksame på at det kan vere høve til å gjere arkeologiske funn i samband med forlenging og reparasjon av molo og bygging av ny på Dyrstad. Det kan gi opplysningar om kvar i steinalderen eller i bronsealderen det budde folk på Dyrstad.

I området mellom naust og bilveg har det vore gjort arkeologisk funn tidlegare.

Fylkeskommunen påpeikar at denne funnstaden ikkje har konsekvensar for det aktuelle tiltaket. Dei minner også om at eit av dei to nausta i området er sefrak-registrert bygg. Eldre naust kan gje gode opplysningar om eldre byggemåtar, og at krav til vedlikehald gjer at tak og gjerne også kledning må fornyast.